Jordbær-republikken taiwan

Jordbær. Iskrem. Fersken. Disse orda beskriv ikkje berre smaken av sommar, men også ungdommen på Taiwan.

 Jordbærgenerasjonen består av skjøre og tynnhuda ungdom. Dei toler like lite motstand som eit jordbær eller fersken – eit lite knuff og dei blir skada.

Eller ennå verre: Dei smelter saman når omgjevnadane blir oppheita.

Men stemmer det? 

Sidan 1980-talet har verda har kunne observere den eine studentrørsla etter den andre. Dei har okkupert regjeringsbygningen, stoppa utbygginga av atomkraftverk og starta eit politisk parti som berre tre år gammalt har vunne fem sete i parlamentet.

Det er mykje som kan tyde på at taiwansk ungdom ikkje er ein generasjon av tynnhuda jordbær.

I reportasjeserien «Jordbær-republikken Taiwan» møter du ungdomar som gjer motstand. LHBTQ-aktivistar, studentar som finn løysingar på boligkrisen i Taipei og kvinner som trassar seksuell trakassering i jobben,

Journalist i Framtida.no, Ragnhild Sofie Selstø, og fotograf i Universitas, Amanda O. Berg, reiste til Taiwan i januar 2018. Sakene blei publisert hjå Framtida.no og i eit eksklusivt Taiwan-magasin produsert av Universitas

(Foto: Ragnhild Sofie Selstø)

Foreldra til Fei Fan veit han sminker seg, kler seg i kjolar og opptrer i drag. Men dei veit ikkje at han er homo. I saka "Dronningane av Taiwan" kan du lese om korleis det er å vere homofil og dragstjerne i Taipei. (Foto: Ragnhild Sofie Selstø)