Diktatorsyster blir Nord-Koreas mektigaste kvinne

Få kvinner i Nord-Korea har politisk makt. Kim Jong-uns syster Kim Yo-jong er unntaket.

tekst: Ragnhild Sofie Selstø

Saka er publisert hjå Framtida.no 13. oktober 2017

Laurdag blei syster til Nord-Koreas leiar Kim Jong-un medlem i diktaturets politbyrå, landets høgaste politiske forsamling.

Verda veit lite om Kim Yo-jong. Ho er truleg 30 år gammal, men blei først gjort kjend i 2010 då ho deltok i det regjerande, kommunistiske arbeiderpartiets kongress. I følgje Aftonbladet forsvant ho frå mediebilete igjen fram til 2014, då ho skal ha styrt Nord-Korea mens broren låg sjuk.

Syskenparets far og tidlegare leiar av Nord-Korea skal ha fått born med fleire kvinner, men Kim Jong-un og hans lillesyster Kim Yo-jong delar både mor og far.

Meir makt til Kim Jong-un

Kva betyr det for omverda at enda eit medlem frå Kim-klanen har fått stor politisk makt?

– Det kan styrke Kim Jong-uns posisjon ytterlegare viss dei to syskena samarbeidar godt, forklarar Stein Tønnesson, Nord-Korea ekspert og forskar ved Institutt for fredsforskning (PRIO).

– Utnemninga representerar eit generasjonsskifte og dessutran ein modernisering av regimet. Kim Yo-jong ser nemleg ut til å handtera nye media godt. Det er dessutan mogleg at utnemninga ytterlegare styrkar stillinga til visemarskalk Choe Ryong-hae, som nokon betraktar som nummer to i Nord-Korea etter Kim Jong-un.

Ifølgje Tønnesson skal Kim Yo-jong også vera visemarskalk Choe Ryong-haes svigerdotter.

Få kvinner i politikken

Det er få kvinner i den nordkoreanske politikken, og til no har den mest kjende vore Kim Jong-un og Kim Yo-jongs tante, Kim Kyong-hui. Ho var gift med politikaren Jang Song-thaek, som Kim Jong-un henretta i 2013. Etter det mista den no 71 år gamle tanta mykje makt, og ifølgje Tønnesson rapporteres det no om at ho er alvorleg sjuk.

Familietreet til Kim Jong-il og hans avdaude kone Ko Yong-hui. Det er lite bilete av hans yngre syster Kim Yo-jong som no har fått plass i Nord-Koreas politbyrå. Foto: Flickr/CC-lisens Grafikk: Ragnhild Sofie Selstø

Familietreet til Kim Jong-il og hans avdaude kone Ko Yong-hui. Det er lite bilete av hans yngre syster Kim Yo-jong som no har fått plass i Nord-Koreas politbyrå. Foto: Flickr/CC-lisens Grafikk: Ragnhild Sofie Selstø

Også nyhendeopplesaren Ri Chun-hee er eit kjent ansikt. Ho har sidan 1971 lese opp nyhende for den statlege nyhendekanalen, ofte med sterk, emosjonell innleving.

Kvinnedominert økonomi

– I prinsippet har Koreas Arbeidarparti gått inn for kvinners likestilling, men både Nord- og Sør-Korea er framleis sterkt mannsdominert, seier Tønnesson.

Trass i at kvinner har lite politisk makt, meiner han at kvinner har ei sterk stilling i økonomien.

– I midten av 1990-åra braut den statlege planøkonomien saman, og sidan då har ein svart, og i prinsippet illegal, marknadsøkonomi dominert. I denne økonomien har kvinnene ei leiande rolle. Det betyr at dei ofte reisar meir, bruker nye medium meir aktivt og får breiare erfaringar enn menn. Det har også slått ut i ein sterk kvinnedominans blant dei som flyktar til Kina og dei som kjem seg vidare til Sør-Korea, forklarar han.

Jobbar utan løn

I 2015 tente nordkoreanske kvinner meir enn 70 prosent av inntekta i heimen, trass i at dei berre utgjer rundt halvparten av dei 12 millionar arbeidarane i landet. Ein av grunnane til at kvinner tener meir er fordi menn flest jobbar i dårleg betalte, statlege jobbar eller i militæret.

I følgje Je Son-Lee, ei nordkoreansk kvinne som forlot landet i 2011, er det forventa at menn skal gå på jobb kvar dag, sjølv om dei ikkje får betalt.

– Det er sett som passande og ideelt at menn følgjer denne politikken som det nordkoreanske arbeidarpartiet har bestemt, sjølv om familien ikkje har noko å ete, skriv ho i The Guardian.